- Vi er blant de fremste i landet på veifriksjon

- Vi er blant de fremste i landet på veifriksjon

Sjefsingeniør Ivar Hol i Statens vegvesen svarer i dette innlegget på beskyldninger fra Lars Erik Bønå om inkompetanse i Statens vegvesen.

I ein kronikk datert 10. juni skuldar Lars Erik Bønå både Statens vegvesen og konsulentar for kunnskapsmangel. Utgangspunktet for kronikken er at eg i «Vegen og Vi» hevdar at det er på tide å sette søkelyset på kva tilstanden på dekk har å seie for trafikktryggleik og framkomst.

I vinter vart det gjennomført testar med ulike, men lovlege, dekk på flyplassen i Trysil.  Sjølv om vi nytta same kjøretøy var det svært store skilnadar i bremselengde på dei ulike dekka. Skilnadane var så store at eg meinte at det no måtte settast større fokus på dekktilstanden. Bønå hevdar at å sette større fokus på eigenskapane til dekka avdekker mangel på kunnskap.  

Eg går ut frå at dei fleste er samde i at det er ein svært nær samanheng mellom bremselengde og trafikktryggleik.  Det ligg føre mykje kunnskap om kva tiltak som kan gjennomførast på vegbanen for å redusere bremselengda.  Når testane av ulike dekk viser variasjonar opp mot dobbel bremselengde, må det vere rett å sette større fokus på tilstand på dekk enn det som har vore gjort tidlegare.

Bønå hevdar vidare at forskinga Statens vegvesen gjer på salting og trafikktryggleik ikkje evnar å gå i djupna fagleg sett.

I Statens vegvesen har vi tilsette som er blant dei fremste i landet på kunnskap om friksjonsbetrande tiltak. Vi har fleire med doktorgradar og mastergradar på temaet og mange tilsette med lang erfaring i praktisk drift av vintervegar. I tillegg leiger vi inn folk med høg kompetanse frå andre organisasjonar. Konsulenten vi leigde inn til å vere med på testingane av dekk og skrive rapport er utdanna sivilingeniør og har eksamen i vegfag frå NTNU. I kva organisasjonseining SINTEF har valt å organisere kompetansen innan vinterdrift har ingen praktisk betyding.

Ivar Hol
Sjefsingeniør, Statens vegvesen

 

Forsiden nå