Synlig kord på hele tre dekk på hengeren førte til bruksforbud.

Det gikk på korden løs

Under en kontroll på Askøy ble en trekkvogn med begjæring om avskilting stoppet. Det viste seg at semihengeren heller ikke var i kjørbar stand.

Denne artikkelen ble publisert for over 2 år siden.

I meldingen fra Statens vegvesen står det følgende:

Det var mye å ta tak i på dette settet under en kontroll på Askøy.

Statens vegvesen har i dag hatt trafikkontroll på Askøy. Me starta dagen på Storeklubben, rett etter avkøyringa frå askøybrua. Deretter flytta me oss vidare til Stenrusten. Totalt var 18 tunge køyretøy innom kontrollplass. Alle desse vart kontrollert for evt. begjæringar. Me valgte å ta ein utvida kontroll på 13 av desse køyretøya. I tillegg kontrollerte me 14 lette køyretøy. Kontrollen gav fyljande resultat:

Ein trekkbil (lastebil) var begjært avregistrert for manglande godkjend pkk, og fekk difor bruksforbod og vart avregistrert. Semitraileren den trakk hadde fleire svært dårlege dekk. På tre av desse var kordane synlege. Dette resulterte i eit bruksforbod også for tilhengaren (semitraileren). Eit av dekka hadde også mønster under lovleg minimum, noko som resulterte i eit gebyr. Bilen hadde heller ikkje gyldig bombrikkeavtale (gebyr på kr 8000), og det vart ikkje betalt vektårsavgift (rapport til skatteetaten).

Mye å ta tak i

Dette var ikke det eneste kjøretøyet som havnet i trøbbel i dagens kontroll:
- Eit bruksforbod og anmeldelse for manglande bremselys på tilhengar. Lys frå trekkbil var heller ikkje synleg.

Flere dekk med synlig kord.

- Eit bruksforbod og anmeldelse for manglande førerett klasse BE (tilhengar)

- Eit bruksforbod og anmeldelse for køyring med uoriginalt kjennemerke på mc. I kontrollsamanheng vert dette likestilt med at ingen kjennemerke er montert i heiletatt. Den same mc`en fekk også tekniske maglar på sjenerande støy, manglande refleks bak og ikkje godkjende speglar. Sykkelen må forevisast Statens vegvesen for kontroll innan gitt frist

- 12 tekniske mangellappar for lysfeil, skadde/utslitte dekk og dårlege bremser på tilhengerer.

- To vognkortgebyr

- Tre dekkgebyr á kr 2000,-

Powered by Labrador CMS