
- Vi er blant de fremste i landet på veifriksjon
Sjefsingeniør Ivar Hol i Statens vegvesen svarer i dette innlegget på beskyldninger fra Lars Erik Bønå om inkompetanse i Statens vegvesen.
Denne artikkelen ble publisert for over 10 år siden.
I ein
I vinter vart det gjennomført testar med ulike, men lovlege, dekk på flyplassen i Trysil. Sjølv om vi nytta same kjøretøy var det svært store skilnadar i bremselengde på dei ulike dekka. Skilnadane var så store at eg meinte at det no måtte settast større fokus på dekktilstanden. Bønå hevdar at å sette større fokus på eigenskapane til dekka avdekker mangel på kunnskap.
Eg går ut frå at dei fleste er samde i at det er ein svært nær samanheng mellom bremselengde og trafikktryggleik. Det ligg føre mykje kunnskap om kva tiltak som kan gjennomførast på vegbanen for å redusere bremselengda. Når testane av ulike dekk viser variasjonar opp mot dobbel bremselengde, må det vere rett å sette større fokus på tilstand på dekk enn det som har vore gjort tidlegare.
Bønå hevdar vidare at forskinga Statens vegvesen gjer på salting og trafikktryggleik ikkje evnar å gå i djupna fagleg sett.
I Statens vegvesen har vi tilsette som er blant dei fremste i landet på kunnskap om friksjonsbetrande tiltak. Vi har fleire med doktorgradar og mastergradar på temaet og mange tilsette med lang erfaring i praktisk drift av vintervegar. I tillegg leiger vi inn folk med høg kompetanse frå andre organisasjonar. Konsulenten vi leigde inn til å vere med på testingane av dekk og skrive rapport er utdanna sivilingeniør og har eksamen i vegfag frå NTNU. I kva organisasjonseining SINTEF har valt å organisere kompetansen innan vinterdrift har ingen praktisk betyding.
Ivar Hol
Sjefsingeniør, Statens vegvesen
STILLING LEDIG:
-
Mekaniker - Uteservice Østlandet
Pon Equipment AS
-
Prosjektmekaniker 14/14 turnus
Pon Equipment AS
-
Mekaniker - Uteservice Nordmøre
Pon Equipment AS
-
Sjåfør
Skude Transport & Spedisjon AS
-
Mekaniker
Norsk Scania AS Hamar
-
Grunnarbeider
R Utemiljø AS
-
Prosjektleder
Nettpartner AS
-
Anleggsleder/Prosjektleder
Skagstind Bygg AS
-
Elektroinstallatør/serviceleder
GK Norge
-
Kuldetekniker
GK Norge