Illustrasjonsbilde.
Illustrasjonsbilde.

Anleggsbransjen står på kvar dag!

KOMMENTAR: Anleggsbransjen med sine tilsette er kvardagsheltar dei og!

Publisert

KOMMENTAR: Koronaviruset som herjar i landet vårt påverkar oss alle. Det trygge gode landet vi lever i er brått kome i ein slags unntakstilstand. Mange bransjar har stengt ned, tilsette er permitterte, nokre har gått eller vil truleg gå konkurs.

Helsevesenet førebur seg på det verst tenkjelege i forhold til at mange kan bli alvorleg sjuke. Mange av oss har ein frykt for å at ein skal bli smitta, der frykta kan vere større enn moglegheita for at ein faktisk blir det. Det at vi ALLE tek ansvar for seg sjølv og etterlever Folkehelseinstituttet (FHI) sine råd i forhold til handhygiene, hosting og halde god avstand vil utvilsamt vere til god hjelp med å hindre spreiing av smitten.

Det er mange i landet vårt som står på kvar dag for at samfunnet vårt skal fungere. Enkelte bransjar blir framheva av regjeringa og media dagleg. Dei som ikkje er nemnt i mange samanhengar, er kvardagsheltane som dagleg køyrer varer rundt om kring i landet vårt slik at både næringsliv, institusjonar, menneske og dyr får sin daglege forsyningar.

Kommentaren er skrevet av Paul Olaf Baraas som er Regionsjef Vest i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).
Kommentaren er skrevet av Paul Olaf Baraas som er Regionsjef Vest i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).

I anleggsbransjen har vi mange personar som står på kvar dag for at vegar skal vere trygge og ferdast på. Dei utfører brøyting, strøing, drift og vedlikehaldsarbeid for alle oss som må ferdast på vegane i disse korona tider, men dei er og med på å sikre at vegane våre er framkomelege når vi etter kvart kjem tilbake i normaltilstand. Vi har dei som arbeider med oppgraderings- og utbyggingsprosjekt som alle vi andre helst vil at dei skulle «vore ferdige i går», slik at vi kan sleppe alle trafikale hindringar når vi skal til/frå arbeid eller på fritidsaktivitetar. Det er viktig at desse prosjekta har god framdrift også i desse dagar.

Både dei som arbeider i transportbransjen og anleggsbransjen må etterleve FHI sine råd slik som alle andre. Mange kommunar rundt om kring i landet har laga strengare karantenereglar enn det FHI legg opp til på grunn av redsel for auka smittefare når dei som arbeider i anleggsbransjen pendlar til/frå sine arbeidsplassar i nabokommune eller andre kommunar. Alle entreprenørane som er i anleggsbransjen er like opptekne av at ingen av deira sine tilsette skal blir utsette for eller smitta av koronaviruset. Mange har laga prosedyrar og tiltaksplanar for at arbeidet på prosjekta skal kunne halde fram med full produksjon innafor trygge rammer både for tilsette, byggherre og innbyggarane i den aktuelle kommune. Alt dette for å unngå permitteringar og at prosjekta stoppar opp.

Eg vil rette ein stor takk til dei kommunelegane som har støtta opp om dei dispensasjonssøknadane som er blitt handsame og som gjer til entreprenørane med sine tilsette kan halde hjula i gang på dei ulike prosjekt sjølv om landet vårt er i koronamodus.

Anleggsbransjen med sine tilsette er kvardagsheltar dei og!

Paul Olaf Baraas
Regionsjef Maskinentreprenørenes Forbund (MEF)